Meny
   

Søk:
Find
Fritekst
I dokumenter
Avansert
 Skognytt
   

 
Kort frå forskrift om skogfond (Fylkesmannen, Landbruksavd. informerer)
Utskriftsvennlig versjon
Skogavgift er skogeigar sitt eige fond som eigar er pliktig til å setta av til nye investeringar i skogen kvar gong det vert selt tømmer/ved/bioeneergi frå eigedommen.
 
 

Ny forskrift om skogfond

Forskrifta tok til å gjelde 1. september 2006. Det nye er at det no berre skal gjelde ei forskrift om skogfond, mens det tidlegare var fem.


Det er Landbruks- og matdepartementet som har vedtatt forskrifta om skogfond med heimel i reglar i skogbrukslova. Det skal no berre gjelde ei forskrift om skogfond, mens det etter tidlegare skogbrukslov galt fem. Det har vore eit mål å oppnå forenkling. Satsane for innbetaling til skogfond står i forskrifta, og skal ikkje lenger fastsetjast kvart år. Formålet med endringane er av redaksjonell art, og reglane er nedkorta og justert i forhold til gjeldande praksis.
 
Det er nytt at forskrifta opnar opp for at skogeigar innanfor same kalenderår kan auke satsen for innbetaling av skogfond også etter at avsetjing er registrert og utrekna.
 
Forskrifta tok til å gjelde 1. september 2006, og samtidig blir følgjande forskrifter oppheva:
  • Forskrift om forvaltning og bruk av rentene i skogavgiften ( rentemidlene), fastsett 15. februar 1994
  • Forskrift om forvaltning og bruk av renter av skogavgiften som trekkes inn til Landbruksdepartementet ( sentrale inntrukne rentemidler), fastsett 18. februar 1994
  • Forskrift om bruk m.v. av skogavgift, fastsett 20. april 1994
  • Forskrift om innbetaling av skogavgift og måling av skogsvirke m.v., fastsett 12. juni 1995
  • Forskrift om skogavgift for 2006, fastsett 21. september 2005

 

 

Skogavgifta vert trekt frå brutto salgspris etter ein valgfri sats mellom 4 og 40%. Dersom ikkje anna er oppgitt vert det automatisk trekt 10%. Målet med ordninga med skogavgift er å auke dei langsiktige investeringane i skogen.

  1. Det skal trekkjast skogavgift for bartre og lauvtre som også går til ved og biobrensel. Seljar er ansvarleg for at det blir trekt skogavgift
  2. Val av skogavgiftssats (4-40 % eller 16-160 kr/m3) skjer ved salskontrakt/målemelding, elles vert det automatisk 10% trekk.
  3. Den skattefrie delen av skogavgifta er no utvida frå 35 - 60%, noko som er svært gunstig.
  4. Maksimal skattelette oppnår du ved følgjande investeringar: nyplanting, suppleringsplanting, markriving, rydding i plantefelt, avstandsregulering i plantefelt, naturforynging, og opprusting av skogsveg.
  5. Skogbrukssjefen i kommunen godkjenner bruk og utbetaling av skogavgift til ulike føremål

Les meir om skogavgift hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane sine heimesider.

 
 Innlogging
   


BrukarID
Passord
Logg inn