Lukk vindu
Aktuelt
Fjelledelgran
Abies lasiocarpa, Abies lasiocarpa arisonica I tillegg til vanleg gran har Fjelledelgrana synt seg som den store vinnaren i juletremarkedet. Vi har i år både arizonica og vanleg fjelledelgran både barrot og plugg av ulike proveniensar og størrelsar. Fjelledelgrana har blågrønt bar. Varieteten arisonica vert noko mindre enn den vanlige fjelledelgrana og passar derfor bedre i småhagar. Den har lys og mjuk bark   Fjelledelgran stor
 
Koreagran
Koreagran m kongler   
Abies koreana. Koreagran er eit flott tre som og er nytta mykje til juletre, men som og egnar seg godt i hagen med sine spesielle blåfiolette dekorative kongler . Koreagran har me i ulike størrelsar.
 
Koloradogran

Abies concolor. Dekorativt tre til hagen med sølvpreg. Lange mjuke nåler. Tåler dårleg luftforurensing

   Koloradogran stor
.
 
 
Låglandsbjørk  
Låglandsbjørk

Betula verrucosa (pendula).
Låglandsbjørka el. hengebjørka har smekker elegant vekst med ranke hovedgreiner som veks oppover, og lange tynne smågreiner som heng ned frå desse. Proveniensen me har er ifrå eit bestand Balestrand i Sogn.
 
 
Svartor
Svartor er i dag svært ettertrakta i tømmermarkedet og gjev gode prisar. Svartor trivs godt der det er god tilgang på vatn. Proveniensen me har er av eit utvalgt bestand ved Ringsaker i Hedmark. Det har synt seg at svartor toler greit og bli flytta vest og austover og erfaringane me har hittil har vore gode.
 Svartor

 

 


http://www.balvoll.no/ - 20.04.2015 10:39:29